Treningsområde

Voss golfklubb kan tilby flotte treningsområder med både chippingområde for innspel, ein stor øvingsgreen med 9 hol kor du kan trena på putten, og driving range med 20 utslag.

Hvis du ynskjer personlig trening, enten du er heilt ny med golf, eller treng å friska opp svingen, så tilbyr me dette til kr.100 pr treningstime, som varar i 20 minutt. Du kan ha trening med åleine, eller gå saman med andre, og ha felles trening, og prisen er den samme enten de er ein eller fleire som trenar i lag. For avtale om time, kontakt Sverre Finne på tlf 988 88520, eller e-mail sverrefinne@hotmail.com.

Driving range har takoverbygg over ballautomat og 4 utslag, så sjølv på ein regntung dag kan de stå tørt og godt og trena på svingen her!

Me har køller som de kan få låna gratis, og poletter til kr.25,- for ei bøtte, eller klippekort for 10 bøtter til kr.200,- er til salgs i kafeen eller i automaten i klubbhuset. Øvrig treningsområde er gratis for alle, og det er ingen krav til tidligare erfaring med golf.

Velkommen til ein fin dag på vårt treningsområde, enten du er erfaren golfer, eller aldri har tatt i ei golfkølle!

Vår store driving range. Også med grasutslag.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no