Fuktig, men fin veke på banen😎

Mykje grått den siste veka, men også mykje fint og grønt! Og dreneringsarbeidet me har gjort, kanskje spesielt på hol 1, medfører at banen ikkje er så blaut som ein skulle tru⛳️

Ein del spelarar har det vore på banen i veka, og dei har også fått oppleva strålande sol og nydelige regnbogar mellom bygene, som Jon Grevle og Torkjell Eskeland nedanfor, knipsa av medspelar John Ove Thaule🏌️‍♂️🏌️‍♂️

Det har også vore avholdt turneringsrundar i Supercupen både onsdag og lørdag, og det samla resultatet for Supercupen 2018 vert lagt ut her på heimesida under «Resultatlister» i løpet av dagen🥇

Så sjølv om regnet til tider øsar ned så er det også flotte periodar, og baneinspektør Lissie melder at forholda er langt betre enn ho hadde forventa!🐶

Og til slutt, ein liten påminnelse om årets store happening: Smalahovegolf på Voss Golfbaner den 22.september🏌️‍♂️🐑🍻 Denne turneringen, og kanskje spesielt den etterfølgende Smalahovefesten vil du IKKJE gå glipp av, så kast deg over GolfBox, eller ring Gaute på tlf 907 24977 med det samme. Og; du kan også melda deg på berre til fest utan golf🐑🍻💃

Hjertelig velkommen til Voss Golfbaner!🏌️‍♀️⛳️🏌️‍♂️

Helge 16.sep-18

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no