Gratis juniortrening i golf simulator🏌️‍♀️

Dei fleste ser vel for seg golf som ein sommar idrett, men med det flotte simulator anlegget me no har fått på golfbanen så er golf ein sport du kan utøva heile året🏌️‍♂️❄️ Me i golfklubben er spesielt opptatt av å få born og unge til å begynna med golf, og ynskjer difor framover å invitera alle under 18 år til å prøva å spela golf i simulatorane heilt gratis🏌️‍♀️

Denne gratis treninga for juniorar startar i morgon torsdag 7.november kl.1700 til 1900, og fortset deretter kvar torsdag til samme tid framover🏌️‍♀️ For påmelding, ring eller send SMS til Glenn Ove Hovland, tlf 992 13197☎️

 

Så velkommen til å prøva golf no i vinter, enten du har prøvd det før, eller aldri har teke i ei golfkølle! Me stiller med gratis lån av utstyr, og kjekke instruktørar som gir ein uformell introduksjon til golf, og så ser me deg kanskje igjen til våren, når golfbanen igjen grønast på Nedkvitne🌱⛳️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no