Resultat Superrunde 5 og oppdatering på Lagserien i Seniorgolfen

Ny onsdag og ny Superrunde i supert vær! 34 deltakarar denne gongen og veldig gode resultat. Mange «negative» tal å sjå og best av alle var Victoria Grønsleth (vinnar klasse E) og Rune Antonsen (vinnar klasse B) som begge gjekk heile 6 slag under sitt par. Rett bak fulgte Gunvor Hernes på -5 og Glenn Ove Hovland på -4. Rett bak der igjen kom vinnar av klasse C, Ingeborg Hovland på -3. Då er einaste klasse me ikkje har nemnt her klasse A og der fekk me heile 4 vinnarar. Andreas, Opedal, Terje Vethe, Torkjell Eskeland og Terje Olsen fekk alle -1 og delte difor sigeren. Me gratulerar alle vinnarane og alle som deltok. Mange vil nok smile ekstra av scorane sine som ein kan sjå på resultatlista under.

Me må også nemne at mange av seniorane har vore i «sving» dei to siste dagane. I går tok Nils Bjarne, Torkjell, Finn og Halstein ein flott 4,5 mot 2,5 siger over Fana på «heimebane». I dag spelar Malvin, Oddvar Jansen, Kjell G Lund og Geirr mot Sotra på Sotra. Me kjem tilbake med ein artikkel om desse kampane når me har fått inn scorane frå dagens match.

 

Superrunde 5

Klasse A:

 

Klasse B:

 

Klasse C:

 

Klasse E:

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no