Golf Nordic Open – parturnering

Golf Nordic er ein golfreiseaktør som kvart år i samarbeid med norske golfklubbar arrangører golfturneringar med flotte premiar rundt om Noreg. I år også kjem dei til Voss og datoen for årets turnering er lørdag 22.mai.

Dette er ei parturnering der det blir spelt fourball med 75% handicap. Golf Nordic stiller med premiar til dei tre beste laga der førstepremien er to gåvekort på heile 3500 kr. I tillegg vil også klubben stille med premiar. I tillegg til premiar i sjølve golfturneringa vil det også være premiar på longest drive (kvinne- og herreklasse) og closest to pin.

Me håper mange melder seg på tidleg. Det er også mogleg å melde seg på dersom ein ikkje har nokon å spela med. Då vil ein bli para opp med andre som då eventuelt har meldt seg på utan partner. Påmelding skjer i golfbox som du finn HER.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no