Resultat Superrunde 1 Haust

Då var Superrunden i gang i igjen og for ein start me fekk! Det var utrulig mange gode scorar i kvar einaste klasse så her er det heilt klart at det er mange som har trena godt i sommar. Best av alle var junioren Mikkel Svartveit Sætre som gjekk på svært imponerande 11 under sitt par. Han vann då også klasse D, der det gledelig nok var med to andre spelarar også. Hauk A. Lidsheim (-1) og Hogne D. S. Suhr (+13).

Nest best i dag var Ingrid Laurhammer Fagnastøl som også hadde ein superrunde på -10. Faktisk hadde Ingrid tre birdiar på dei ni hola. Det er svært imponerande og ho vann sjølvsagt klasse C med denne scoren. Andreas Oppedal fulgte opp i klasse A der han berre brukte 37 slag på dei ni hola og fekk dermed -5. I klasse B var Finn Rassmussen også på hogget og fekk med det ein glimrande -4 runde. Det heldt sjølvsagt til siger i klassen med heile 15 deltakarar. Bilder og resultatlister finn du under.

 

KLASSE A

 

KLASSE B

 

KLASSE C

 

KLASSE D

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no