Golf Nordic Open 2022

Då er det berre å sette av 4.juni for ei av våre mest populære turneringar dei siste åra. i fjor samla me ikkje mindre enn 66 spelarar og me prøver sjølvsagt å få minst like mange, helst fleire, i år. Så her er det berre å melde seg på folkens!

Golf Nordic Open var i fjor ei parturnering, men i år vert det ei singelturnering. Det er 100% hcp og maks +5 over par på kvart hol. Alle som har høgre HCP enn 36,er hjarteleg velkomne til å vera med, men dei må spela med HCP 36 i turneringa. For meir informasjon rundt reglar sjå golfboks, der ein også melder seg på innan 1.juni.

Dette er ei turnering som er kjend for gode premiar og også i år er det reisgavekort på ein av Golf Nordic sine flotte golfresorts som er hovudpremie. I tillegg til dette blir det ein konkuranse på closest to pin. Følg med for oppdateringar når det gjeld premiebordet og meld deg på no!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no