Dugnad og åpning av banen

Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men det spirar godt på greenane🌱, og me har no bestemt oss for å åpna banen torsdag 24.mai kl.1000. For å spre slitasjen på greenane så vert det flytting av hol/flagg i løpet av dagen, og alle bes visa litt ekstra hensyn til dei nysådde flatene. Det vert deretter normal åpningstid etterfylgjande lørdag, men stengt for andre enn deltakarane Ski & Golf NM fredag og søndag⛷🏌️‍♀️

Vidare så må me avholda ein dugnad i morgon, lørdag 19.mai kl.1300-1600, for å gjera ferdig arbeidet me kom godt i gang med sist mandag. Det var då god deltaking, med 27 glade dugnadsfolk, og me håpar på stor oppslutning også i morgon, slik at banen og det nye bygget over driving range framstår frå si beste side til baneåpning og Ski & Golf NM!

Vel møtt til både dugnad og baneåpning i det strålande mai været!🏌️‍♂️☀

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no