Golfsimulator

Då er simulatorane montert og klare til å spele på. I år vil me gi medlemmane eit godt tilbod på Innesvingen 1500,- kr. for fritt spel, ektefelle/sambuar 750,- kr og juniorane spelar som vanlig vederlagsfritt. Betal til konto 3480.11.31699, mrk. med Innesvingen og navn. Send melding til Gaute på 90724977 når de har betalt slik at han kan åpne opp i Golfbox. God innesesong til alle. Det vert laga til turneringer ittekvart.

Mvh Klubbstyret

I klubbhuset har Voss Golfklubb to stk golfsimulatorar, som er i drift heile vintersesongen når banen er stengt. Dersom du reknar med å spele ein del gjennom vinteren så er sesongkort det heilt klart gunstigste for deg:

– Pris hovudmedlem: kr 1500,-

– Pris ektefelle og sambuar: kr 750,-

– Pris junior kr 0,-  Vaksen/foresatt må vera med, men treng ikkje vera medlem.

Det er også mogleg å betale green fee kvar gong ein er i simulatoren og då er prisen kr 240,- per time, uavhengig av kor mange ein er som spelar på den.

Nederst finn du eksempel på korleis ein fordeler prisar mellom spelarar hvis nokon har fritt spel, og andre skal betala greenfee. Greenfee skal betalast i GolfBox automat eller på Vipps.

Bestilling av speletid gjer du i GolfBox på same måte som ved spel på banen, og det er ikkje tillatt å spele i simulatoren uten bestilling i GolfBox.

Dersom du er A-medlem ligg kode til klubbhuset under «Klubbnyheter» når du loggar inn i GolfBox, mens øvrige må kontakte Gaute på tlf 907 24977 for kode.

Me arrangerer gjennom sesongen også turneringar. I tillegg til turnering er dette ein kveld med god mat og drikke i tillegg.

Me har også eigne opplegg for firma og andre grupper, kor de kan bestilla simulatoren for ein kveld og me stiller med instruktørar for å gje ein introduksjon til golf, gjerne kombinert med god mat og drikke. For meir informasjon, kontakt oss på e-mail post@vossgolf.no.

Eksempel på betaling av greenfee:

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no