Junior
Å få ei god satsing på junior området er noko av det viktigaste for golfbanen og Voss Golfklubb i tida framover. I all prising av Vegen til Golf kurs, medlemskaps prisar, greenfee prisar etc så er me veldig opptatt av å ha låge prisar for born og ungdom, slik at ikkje økonomien skal vera begrensande for unge som vil begynna å spela golf.
Treningstidene for juniorane varierer fr år til å, men dei siste åra har det vore frå kl 17 på mandag og utover kvelden (kan reise når du vil ;)). Treningane er frå første mandag i mai og fram til skuleslutt i juni. Me startar opp igjen ved skulestart i august og held på fram til slutten av september. Me prøver også å få til nokon treningar/samlingar i sommarferien. Følg med på facebook og heimesida eller kontakt Stig Anders Hauge på tlf 99 51 06 71 (mail: stigahauge@yahoo.com) for meir i formasjon.
På vinteren har me av og til treningar i trackman simulatoren. Følg med på facebooksida vår for informasjon om dette.

Kvart år arrangerer klubben juniorturnering for unge spelarar på Vestlandet.

Følg med her på heimesida, følg oss på Facebook, og ta gjerne kontakt med oss hvis de har nokon spørsmål om korleis du kjem i gang med golf! Me ynskjer alle unge hjertelig velkommen til å komma opp på banen og spela golf!
