Medlemskap/prisar

Du er velkomen som nytt medlem i Voss Golfklubb. Gjennom eit medlemskap i klubben får du:

  • Godt tilbud på opplæring; VTG kurs om du ikkje har det frå før.
  • Fritt spel på banen for A-medlem.
  • Spel med greenfee for C-medlem.
  • Anledning til å spele på andre banar (greenfee).
  • Tilgang til vårt moderne treningsanlegg.
  • Ta del i eit sosialt golfmiljø med eit breidt utval golf- og sosiale aktivitetar.

Me ynskjer alle i familien velkomne

  • Rabatt for ektefelle både på kjøp av medlemsandel og årsavgift.
  • Låge prisar for juniorar.

Medlemskap og kontingentar 2024

Vi har forskjellige typar medlemskap, med og utan kjøp av medlemsandel, og tilpassa om du spelar mykje eller lite: A-medlemskap kor du har fritt spel på banen, eller C-medlemskap, kor du betalar ei lågare årsavgift, men betaler greenfee når du speler.

A-medlem Pris

Fritt spel vaksen med medlemsandel

Fritt spel ektefelle/sambuar m medlemsandel

Fritt spel (frå og med 67 år samt ufør uansett alder) m medlemsandel

5000,-

4200,-

4200,-

Fritt spel utan medlemsandel

Fritt spel (frå og med 67 år samt ufør uansett alder) utan medlemsandel

6000,-

5200,-

Fritt spel, student/militær (opp til 28 år)
2200,-
Fritt spel, opp til 13 år 600,-
Fritt spel, 14 – 20 år 1000,-
Fritt spel, 21 – 25 år 2500,-
C-medlem Pris
Greenfee medlemskap, vaksen 1200,-
Greenfee medlemskap, 0 – 20 år 600,-
Støttemedlem 1000,-
Medlemsandel Pris
Vaksen hovudmedlem 10000,-
Ektefelle/sambuar 7500,-

Kjøp av medlemsandel

Kjøp av medlemsandel er frivillig, men hvis ein kjøper andel er prisen med fritt spel kr 1000,- lågare pr år enn uten andel. Innbetaling av medlemsandel må avtalast med klubben, og kan tilpassast det enkelte medlems betalingsevne. Me ser helst at summen vert innbetalt i løpet av 15 månader.

Vegen til golf

Nye spelarar får eit spesielt gunstig tilbud på både kurs og medlemskap, slik at du får god tid til å prøva deg på golf til ein låg pris. Sjå prisar og kursdatoar under “Vegen til Golf/Kurs”.

Tidligare medlemmer i Voss Golfklubb

Me har tilbud til tidligare medlemmer i Voss Golfklubb, som ikkje har vore medlem i nokon annan klubb siste år, med redusert kontingent; kr.2500,- med fritt spel første år. Kontakt post@vossgolf.no for meir informasjon, eller fyll ut innmeldingsskjemaet, og skriv i kommentarfeltet hvis du oppfyller betingelsane for «velkommen tilbake tilbud»

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no