Banekart

Nedanfor finn du oversiktskart over alle hol på banen, og i BANEGUIDE finn du eigne kart med video og detaljert informasjon om kvart hol.

Klubbhuset ligg rett ved parkeringsplassen, og her finn du også treningsområde med driving range, putting green og chipping green. Første tee ligg litt unna klubbhuset, slik at du kan få starte runden utan for mange tilskodarar.

Banen vart åpna august 2005

Banen er teikna av banearkitekt Jeremy Turner, som har teikna mange av dei beste og mest populære banane i Noreg. Vår bane er no på 9 hol. Dei neste ni er også teikna, og om dei vert bygde så vil dei til saman utgjere ein fin blanding av golfhol i ope lende og i skog.

Dei ni hola er bygd på tidligare innmark og utmark, og ligg naturleg i det opphavelige terrenget. Der vart gjort nokre få store inngrep, som óg var nødvendig for god balanse mellom ulike typar masser. Når ein ser heile området i dag så ser det ut som om bana har lagt der alltid. Terrenget langs med Lønavatnet er eit verna miljøområde.

Banen ligg på ein stad som gjer heilt eineståande naturopplevingar. Ein stille og roleg stad, fantastisk utsikt over Lønavatnet og til Lønahorgi med sine 1410 moh. Midt i dalen er det ein lun og varm plass.

Utforming av banen

Oppgåva som arkitekten fekk var å teikne ein bane som passer alle nivå av spelarar. Det betyr mellom anna at det ikkje skal vera ein bane kor ein må prestera spesielt bra for å kunne spela, til dømes som at ein blir tvungen til å slå over eit vatn. Eller at det er langt å slå frå tee for å nå fairway. Det skal alltid vera råd å finna ein rute som passar eigne ferdigheter.

Samstundes skal banen vera stor nok til at gode spelarar får utfolda seg, med både lange og krevjande slag.

Banen vart bygd med tre utslagsstader på kvart hol; rød, gul og kvit tee. No heiter det 46, 52, 58 og 62. Tala kjem frå den totale lengda på 18 hol frå kvar tee, slik at banelengden varierer frå 4600 meter frå utslag 46, til 6204 meter frå utslag 62. 

Du skal finne ballen din. Om du slår ballen i Kytebekken skal du finne han, droppe og spele vidare. Slår du ballen ut i røffen skal du óg finna han og kunne spele vidare.

Banen skal vera lett å gå. Du får nok mosjon om du går ni eller 18 hol. Små høgdeforskjellar og kort og enkel rute mellom hola, og for det aller meste går du på tørr fairway. Om du køyrer frå Bergen til Voss for å spele 18 hol – så skal du ikkje føle at den totale turen vert lang og strevsam. 

Du er velkomen til vår bane – som medlem eller som gjestespelar!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no