Vegen til golf/kurs

OPPDATERING, KURS 2020: Som vist nederst på sida er neste kurs først 11.august. Då me no i sommar har fast trenar ansatt på golfbanen kan me imidlertid tilby kurs for mindre grupper; Par, vennegrupper etc før den tid etter avtale. Kontakt Glenn Tlf 992 13197 eller mail klubb@vossgolf.no for meir info, og bestilling av kurs.

Vegen til golf (VTG) er eit obligatorisk kurs for alle som vil byrje å spele golf. Kurset består av teori, praksis teknikktrening på dei viktigaste slaga og spel ute på bana. Det er ingen testar eller prøvar som skal gjennomførast, kun ei hyggjeleg innføring i golf i lag med kyndige instruktørar. Gjennomført kurs gjev deg moglegheiten til å spele på banen på eigenhånd etter kurset.

Kurset varer i 12 timar og det vil som regel bli brukt tre kveldar i løpet av ei veke til gjennomføring av kurset. Kursdatoar på Voss GK vert fortløpande publisert her på heimesida og på vår Facebook side.

På våre kurs får du låne utstyr gratis av golfklubben, men dersom du ynskjer å kjøpe dine eigne køller er det mange gode rimelege alternativ. Spør våre instruktørar eller andre i klubben. Dei vil hjelpe deg med dei fleste spørsmål du har rundt utstyr.

Introduksjonstilbod

Akkurat no har me eit fantastisk tilbod til deg som vil byrje å spele golf: Kurset kostar kr 750 for vaksne, kr 250 for ungdom 15-20 år, og er GRATIS for born og ungdom til og med 14 år. Prisen inkluderer alt av kursmateriell, og gratis lån av golfkøller. Etter endt kurs får du gratis 10 bøtter med ballar til driving range, og 2 gratis rundar på golfbanen, gjerne med ein klubbvert frå golfklubben.

Hvis du etter endt kurs ynskjer å melda deg inn i klubben så er pris pr år for medlemskap og fritt spel på banen som fylgjer, og me trekker frå kursavgifta i første års kontingent:

  • 0-13 år: kr 600,-
  • 14-20 år: kr 1000,-
  • Over 20 år/vaksen: kr 2500,-

For vaksne gjeld prisen 3 første år som medlem, og etter dette vanleg kontingent som vist under medlemskap/prisar.

For born, ungdom og inntil 25 år alder gjeld prisane inntil oppnådd alder, og fylgjer deretter kontingent satsane vist under medlemskap/prisar.

Informasjon frå Norges Golfforbund om Vegen til Golf kurs finn du HER.

Kursdatoane for 2020:

  • 4. 5. og 7.mai kl.1700-2100
  • 11. 12. og 14.mai kl.1700-2000
  • 8. 9. og 11.juni kl.1700-2100
  • 10. 11. og 13.august, kl.1700-2100

Kontakt oss på klubb@vossgolf.no, eller ring Glenn Hovland Tlf 992 13197 / Andreas Oppedal Tlf  489 97702 for informasjon og påmelding til kurs.

PERSONLIG UNDERVISNING I GOLF:

For dei som har spelt golf ei stund, eller som ei oppfølging til nye golfarar etter fullført «Vegen til Golf» kurs, kan vi tilby trening med eigen instruktør enten på treningsområdet ved klubbhuset, eller ein runde på golfbanen. Prisen er kr 150,- for 30 min trening, og du bestemmer sjølv kor mange slike økter du vil ha etter kvarandre. Prisen er den same om du er saman med inntil 3-4 andre spelarar.

Trening med Sverre er tilgjengelig på golfbanen alle kvardagar kl.0900-1700, eller du kan kontakta Sverre direkte på tlf 988 88520 eller e-mail sverrefinne@hotmail.com for å avtala andre tider.

Vi ynskjer alle velkommen til eit hyggelig kurs, og som medlem i Voss Golfklubb!

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no