Tak over driving range

Då er bygg over ballautomat og 4 utslag på driving range ferdig, og for eit flott bygg det vart! Frå dei fyrste ideene begynte å ta form i fjor haust så har me effektivt fått på plass økonomien, tegningar, levering og oppføring i rekordfart.

Ein stor takk til arkitekten Per Steinar, ingeniøren Torkjell og byggmesteren Geirr, som saman med eminente dugnadsfolk, og i samarbeid med Byggtorget har gitt oss eit praktbygg av ein kvalitet dei fleste golfbanar kan misunna oss, og til ein kostnad dei berre kan drøyma om!

Og heldige Audi Møller Bil Minde, Fleischer’s Hotel, SparebankenVest, Vossakjøt og Skydivevoss har fått ein kjempeplass å promotera sine firma! Spesielt for ein klubb som vår, med ein begrensa medlemsmasse, så er det svært viktig å ha gode sponsorar som får noko igjen for pengane dei legg igjen hjå oss, og som gir oss mulighet til å utvikla banen vidare.

Så igjen; takk for innsatsen til alle som har bidradd, takk til alle våre etter kvart 55 sponsorar, og gratulera med det flotte bygget til alle våre medlemmer og gjestespelarar! No er det berre å venta på at regnet kjem tilbake ;-)…

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no