Medlemsbrev 2018 #3

Kjære medlemmer

Nå er me halvvegs i årets sesong og det er ferietid for dei fleste av oss.  Håpar alle nyter det flotte været med mykje god golf og sosialt samvær med familie og vener.

Me har lagt bak oss ein aktiv periode med dugnader i klubbhus og bane, nybygg på Driving  Range og mange turneringar. Ein stor takk til alle som har vore med og gjort dette mogleg.

Den tøffe vinteren og med påfølgjande tørke har gjort at banen ikkje er av den kvalitet som me har vore vant med dei siste åra. Spesielt har det tatt mykje lengre tid å få green’ene tilbake i topp stand etter vinter skadane. 

Det går sakte men sikkert framover og når me startar aktiviteten etter ferien i august så håper me at  alt ser mykje betre ut.

For dei som er interessert i å veta meir om gras og grasvekst så kan ein lesa ein artikkel:

Hvorfor er ikke greenene like fine som de to siste årene?.

Klubben treng fleire medlemmer! 

Me er allereie på eit kritisk antall med kun 380 medlemmer totalt noko som er for lite for forsvarleg drift og utvikling av klubben og banen.

Styret i klubben vil ha dette som hovud fokusområde framover og håpar at det som medlemmar i klubben også vil hjelpa til med rekruttering av nye golfarar.

Open Dag 2018

Klubben vil arrangera open dag 16. august. Inviter gjerne med vener og familie.

Meir info vil fylgje i eigen invitasjon.

Dugnad – dugnad – dugnad

Dugnad som helgevakter i kafe trengs det fleire av. Faste prosedyrar er på plass med god beskrivelse av gjeremål, og ikkje minst er det ein flott plass å møte mange hyggelege golfere.

Ta kontakt med Anna på tlf./ SMS 98844343.

Pro Shop

Pro shop’en er fylt opp med det mest nødvendige og litt til. 

Me har flotte skjorter med Voss logo i mange fargar og størrelsar som me håpar medlemmene set pris på og går til anskaffelse av. Desse passar fint når me er ute å representera klubben vår som gjeste spelar.

Dersom det er noko som manglar så er det berre å komma opp med forslag til oss.

Ta kontakt med Anna på tlf./ SMS 98844343.

Turneringsplanen 2018

Me har hatt ein aktiv periode med mange turneringar etter at banen opna og med god deltagelse. Mange av turneringane er gjengangar, men ny av året kan me spesielt nemna  Belka Tour med flott hovud premie som opphald ei uka i Tyrkia under European Tour turneringa Turkish Open i november. Denne turneringa kjem tilbake neste år!

Når me startar opp igjen i august så er den første turneringshelgen 11. og 12. august med Voss Ladies Open og Ladies Tour Voss. Dette er eit stort arrangement med mange tilreisande og stor dugnadsinnsats. Send invitasjon til vener og kjente.

Helga deretter er det Vossameisterskapet Open.  Her er det og viktig å senda ut invitasjonar til vener og kjente.

Årets klubbmeisterskap arrangerast 25. og 26. august. Meld dykk på!

Minnar også om Superrunden kvar onsdag frå 8. august. Flott hovudpremie – Englandstur 2019!

Instruksjon og opplæring

Neste VTG kurs:

VTG Kurs 3: 6., 7. og 9. august kl. 17 – 21 alle dagar.

Ta kontakt med Silje tlf./SMS 99046785 eller epost siljesvartveit@gmail.com dersom dere kjenner nokon som vil prøva golf. Kursavgift kr. 300 inkludert ballkort.

Køller 

Klubben treng fleire køller og helst heile eller halve sett gjerne med bag til utleie til gjestar og VTG kurs. Dersom de har fullt brukande og ikkje alt for gamle køller liggjande så ynskjer klubben svært gjerne å overta dei for eit vidare liv i golfens tenesta. 

LAG NM 2018

Herrar:

Lag-NM 2018 1.divisjon blir arrangert i tidsrommet 20. – 22. juli på Norsjø Golfbane. 

Voss er representert med:  Jonny Merkesdal (kaptein), Egil Østvik, Sverre Finne, Andreas Oppedal og Alvar Fjellanger. Med mål om å holda seg i 1. divisjon, ynskjer me dei lukka til!

Damer:

Lag-NM 2018 2. divisjon blir arrangert i tidsrommet 21.-22. juli på Utsikten Golfklubb. 

Laget består av Randi E. Østvik (kaptein) og Kirsten Hauge Rogne. 

Me ynskjer dei lukka til med målet om å rykkja opp til 1. divisjon.

Grasrotandelen

Til slutt vil me minna om Grasrotandelen. Den er svært viktig for Voss Golfklubb og eit godt bidrag til å utvikle og driva klubben.

pastedGraphic.png

pastedGraphic_1.png

Venleg helsing

Voss Golfklubb

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no