Voss Ladies Open og Ladies Tour🏌️‍♀️

Då er årets store dameweekend på Voss; Ladies Open og Ladies Tour avslutta, og for ei helg det vart! Konkurranse🏌️‍♀️… sosialt samvær🥂… og denne gong også med Hole in One👌 Her er ein del av deltakarane samla, med klassevinnarane på Ladies Tour, Agathe Bøe Risa og Randi Espeland Østvik på kvar si side av Anita Sognnes, som fekk Hole in One på hol 5. Solveig Kristiansen som vann klasse 3 har plassert seg litt meir i bakgrunnen😉…

Fullstendige resultatlister ligg på www.vossgolf.no under «Klubb»/«Resultatlister», og ellers lar vi bildene tala for seg. Ei flott helg er overstått, ein stor takk til alle sprudlande, flinke og kjekke deltakarar, og velkommen tilbake neste år!🏌️‍♀️☀⛳😄

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no