Avslutnings turnering og banestenging.

Så er turneringen «Siste Sjanse» gjennomført, med 34 deltakarar som trossa regn og blest, og avslutta med grilling og godt selskap utover kvelden🍖🔥🍻 Resultatliste frå turneringen HER.

Nedenfor følger litt bilde frå dagen, av dei som gjekk friske ut på banen, grillsjefen som stod tørt og godt, og tatt av barsjefen som gøymde seg under dei fine, nye, vanntette markisene☔️🏌️‍♀️

Banen er no stengt for sesongen, men driving range er fremdeles åpen, og det er gledelig å sjå at så mange har funne ut at den med det nye overbygget er eit godt alternativ til sofakroken også på regnfulle dagar. I tillegg så er nå begge simulatorar oppe og går, og inne i klubbhuset er det både tørt og varmt på tunge haustdagar, så ein tur der kan alltid anbefalast!

Så velkommen på driving range så lenge den er åpen, og så håpar me å sjå mange av dykk i simulatorane utover vinteren!🏌️‍♀️⛳️🏌️‍♂️

Helge, 15/10-18

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no