Belka Golf Nordic Open 2019

Søndag 9.juni vart Belka Golf Nordic Open 2019 avholdt på Voss Golfbaner. På tross av rimelig vekslande værmeldingar var det 42 påmeldte frå Voss, Fana, Stiklestad, Lærdal og Haugesund golfklubbar. Om det var våtere enn fjorårets turnering så var banen i desto betre stand, og det var ein fornøyd gjeng som kom i mål etter godt 4 1/2 timar.

Vinnar av turneringen vart vår eigen Sverre Finne, som går vidare til superfinalen mellom alle vinnarane av årets Belka Golf Nordic turneringer, og stakk av med hovedpremien; eit all inclusive golf opphold ved Cornelia De Luxe i Tyrkia.

Det var i tillegg premiar for longest drive og closest to pin, og dei komplette resultatlistene frå turneringen er lagt ut på resultatsidene HER.

Me gratulerer vinnaren, takkar alle deltakarar for innsatsen, og gleder oss til å ønska Belka Golf Nordic og alle frammøtte velkommen tilbake neste år!

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no