Banestatus

Banen:

Open– Me opna 1.mai. Etter ein kald mai-månad er varmen no på veg og vekst på dei ulike speleflater er god. Soppskadar frå seinhaustes på greenar er no på veg til å gro att, me klypper på 3,5mm med nyslipte aggregat. 

Treningsområdet og Driving Range:

OPEN –  Følg instruksar på oppslagstavle og på plakatar. Range-ballar skal nyttast på drivingrangen, bruk eigne ballar når du trenar på puttegreen og chippegreen. Bruk kort for kjøp av rangeballar. 40 kr per «bøtte». MERK: Det er ikkje tillatt å gå ut på rangen, dette grunna sikkerheit.

Klubbhus:

Open

For bubil parkering, og grupper som ønsker betjening med salg av mat og drikke etc, kontakt oss på post@vossgolf.no, eller tlf 400 04490 / 957 19948.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no