Senior weekend 14-16.juni🏌️‍♂️

Så er senior weekend avslutta, i eit heller typisk norsk sommervær; Frå lettskya fin turnering med Hordaland Seniorgolf på fredag, via Sissener Classic Tour på lørdag, kor Voss var varmaste plass i Norge, og til ein heller regntung avslutning i dag🏌️‍♀️⛅️☀️🌧

Først ein liten bildesamling frå fredagens innledning med Hordaland Seniorgolf, kor Alvar Fjellanger, Ove Magne Straume og Ingrid Fagnastøl gjekk av med seieren🥇 Fullstendige resultatlister HER.🏆

Lørdag vart ein heit opplevelse for deltakarane i Norsk Seniorgolf Sissner Classic Tour, med +27,5c, og sol frå skyfri himmel☀️. Her var det fv Geirr Fagnastøl, Vigdis H.Olsen, Arnt Stensen, Tove Olafsen og Espen Olafsen som trekte det lengste strået🥇, og øvrige resultat finn de HER.🏆

Til neste dag med Sissner Classic Tour hadde skyene trekt inn over Voss, og i det mange vel vil kalla skikkelig Bergensvær var det Bjørnefjorden som stakk av med 3 av 5 klassesigrar🌧 Frå venstre Jan Norvald Hjelle, Hans-Magne Ellingsen, Vigdis Herland Olsen, Alvar Fjellanger, og Erik Just-Olsen🥇 Øvrige resultat frå søndagen er lagt ut HER.🏆

Til slutt vil me takka alle helgas deltakarar for innsatsen, og håpar å sjå dykk alle snart igjen både i turneringar og som gjestespelarar her hjå oss på vene Voss!🏌️‍♂️⛳️😊

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no