Voss Ladies Weekend 2019

Så er ein fantastisk Voss Ladies Weekend 2019 over, og for ei flott helg det har vore; Frå innspel med over 50 damer i nydelig vær på fredag, til 64 deltakarar i stort sett finvær i Voss Ladies Open på lørdag, og 52 deltakarar i Voss Ladies Tour, som fekk ein litt fuktigare avslutning på søndag.

Informasjon vart leda av Torkjell, oppvarming gjennomført, og alle var deretter klar for shotgun start kl.0930 begge dagar. Her ein del bilder frå ein blid gjeng ute på banen:

Som de ser; Varierande vær, masse godt spel, og ikkje minst ein glad gjeng som strålar på tross av både bogey’ar og regnbyger! Men Ladies Weekend på Voss er ikkje berre golfspel; Den sosiale delen skal ikkje undervurderast, og frå åpen kafe på fredag, til rekebord lørdag, og avslutning med den faste vossakorven på søndag så var det berre blide ansikt å sjå, både blant deltakarar, og dei frivillige som var med på å dra arrangementet i havn.

Det viktigste med Voss Ladies helga er utan tvil det sosiale, og å ha det kjekt med golf! Men det er jo også ein konkurranse, så vi avslutter med bilde av helgas vinnarar. Og legg spesielt merke til Ingeborg, som etter å ha måtte melde sjukdomsfråfall til Narvesen Tour forrige helg kom knallsterkt tilbake, og slo alle konkurrentar i klassen sin!

På bildene, først Ladies Open, kor frå venstre Anna Gjeraker, Ingeborg Hovland og Ingrid Røssland vant kvar sin klasse, og deretter Ladies Tour, med klassevinnarane Siv Sandstø, Marita Haukeland, Marit Brochmann og Anita Sognnes.

Fullstendige resultatlister frå Voss Ladies Open ligg HER, og resultat frå Ladies Tour ligg HER.

Vi gratulerer helgas vinnarar og alle andre deltakarar som saman igjen gjorde Voss Ladies Weekend til ein så fantastisk flott opplevelse! Velkommen tilbake til golf på Voss!🏌️‍♀️🏌️‍♂️⛳️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no