Klubb mesterskapet 2019

Det vart eit flott og ikkje minst veldig spanande klubbmeisterskap i år. I klasse A måtte det etter heile 54 hol og 260 slag, omspel til for å kunne krona ein vinnar. Jonny Merkesdal leia ganske klart etter dei to rundane laurdag, men Alvar Fjellanger kom tilbake søndagen. På det siste holet gjorde Alvar ein 6-ar, mens Jonny måtte ta til takke med ein 8-ar. Dermed var det likt og omspel måtte til. Alvar held fram det gode spelet og kunne til slutt krone seg som Klubbmeister 2019. I tillegg skal me legga til at Andreas Oppedal også berre var to slag bak dei to etter ein meget god søndag på han og.

25 deltkarar må reknast som godkjendt. Litt svak påmelding i forkant, men god informasjonsflyt siste dagane gjorde at ein kom opp i eit respektabelt antal deltakarar. Fem klassar og sjølv om det var jamnast og mest spanande i klasse A så må me også nemne dei andre klassane. I dameklassen over 54 hol var det også jamnt og Gunnvor Rogne Nilsen vann med 5 slag på Randi Espeland Østvik. Henholdsvis 288 og 293 slag på desse.

I senior herre var Tore-André Skjerheim relativt suveren. 13 slag framfor nr.2 Oddvar Nilsen. I senior damer var det to deltakarar og Ingrid Laurhammer Fagnastøl vann med 6 slag på Ranja Wikström. I den siste klassen som var ein stablefordkonkurranse var det Rune Rogde som stakk av med sigeren. Han var 2 poeng føre Ingeborg Hovland.

Me gratulerar alle vinnarane og takkar alle for god deltaking desse to dagane. Fulle resultatlister og nokre bilder følger under.

Klasse A:

Klasse B:

Klasse C:

Klasse D:

Stablefordkonkurranse:

Alvar og Jonny ynskjer kvarandre lykke til før omspel…

…og bilder frå premieutdeling i strålande vær:

Og avslutningsvis litt bilder frå oppvarming og ute på banen, og to kjekke damer som ligg og ventar på at herrane i flighten foran skal bli ferdige på hull 14.

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no