Resultat Superrunde 7 (haust)

God deltaking med 32 spelarar og ikkje minst i alle klassar for første gong i år! Vinnaren med imponerande -7 vart Victoria Grønsleth Sibbern. Det må også være ein av dei beste scorane som har vore på Superrunden i år utan at me har fått sjekka alle resultata i 2019. Ho vann då også klasse C. Flott også å sjå at Tobias Kleppe stilte til start i Klasse D. Første gong det er deltakar med i den klassen i år, og +8 er langt i frå ein dårleg debut. Ellers vann Nils Bjarne Hommedal klasse A på imponerande -4. Ståle Kallestad Hesjedal vann klasse B, han også under par. med -2. I klasse E gjekk Ingeborg Hovland på par og vann klassen. Me gratulerar vinnarane og takkar alle som deltok i kveld for godt oppmøte!

Samanlagt leiar Runde Rogde med 102 poeng, men rett bak jagar Ove Magne Straume med 97. Men med tanke på at det er ein runde igjen neste onsdag samt ein siste runde med 2×9 hol laurdagen etter så er det framleis fleire som kan blande seg inn. Dette vil de sjå på samanlagtlista som ligg under resultatlistene frå kveldens runde.

Klasse A:

Klasse B:

Klasse C:

Klasse D:

Klasse E:

 

Samanlagt topp 30 (etter 7 konkurransar)

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no