Siste sjanse 2019🏌️‍♀️🍂

Då er turneringen «Siste sjanse» avholdt; Texas Scramble med 3 spelarar pr lag, og for ein flott dag det vart! Heile 51 deltakarar var med på årets siste turnering, som gjekk i strålande haustvær☀️ Det vart utrulig jevnt i teten, men til slutt var det laget Wikström, Wikström og Merkesdal som stakk av med seieren og hovedpremien; Golfklokker sponsa av Elkjøp Voss.🏆⌚️ Gratulerer til Staffan, Ranja og Jonny!🥇🥇🥇

Nedanfor følger eit sammensurium av bilder av glade golfarar rundt omkring på den flotte golfbanen vår, som igjen viste seg frå si aller beste side!🌱🏌️‍♀️ Årets første frostnatt, så banen fekk kvila på morgonen, før vossasola fekk gjort jobben med å trylla fram ei fantastisk golfbane i god tid til turneringsstart🏌️‍♂️☀️

Men golfturnering på Voss er ikkje berre ein flott bane, så etter overstått premieutdeling vart dagen avslutta med ein hyggelig rekeaften for samtlige deltakarar🍤🏌️‍♀️ Både det seirande laget og dei som fulgte tett etter fekk vel fortjente premiar, og resten fekk reker med god drikke til🍤🍻🥂 Fullstendig resultatliste frå Siste sjanse 1019 er lagt ut HER🏆🥇🥈🥉

Til slutt; Takk til alle medlemmer som har vore med i turneringar gjennom sesongen, og bidradd til at nye medlemmer og gjester føler seg velkommen hjå oss!🏌️‍♂️

Takk til Ståle, Nils Bjarne, Finn og Gaute, som har avvikla turneringar på strålande vis, og takk til Anna, Kjetil, Sunniva, Kirsten, Glenn og andre frivillige, som har tatt godt imot alle i klubbhuset, og sørga for at ingen forlet oss hverken svoltne eller tørste😉👍

Turneringssesongen i Voss Golfklubb er no over, men golfsesongen er ikkje over så lenge banen er åpen!⛳️ Velkommen til golf på Voss!🏌️‍♀️🏔🏌️‍♂️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no