Stenging av golfbanen⛳️🍂

Som nokre bilde frå dei siste dagane viser så er hausten her, og søndag 13.oktober er siste åpningsdag av golfbanen og treningsområde🍂⛳️

Banen er fremdeles i fin stand, men kraftig nedbør i starten av helga, og risikoen for å få skadar som ikkje gror igjen, gjorde at me beslutta å prioritera klargjering av denne for vinteren, slik at alt ligg til rette for ein flott bane også neste år🏌️‍♀️

Golfsimulator #2 er klar for spel, golfsimulator #1 vert klargjort 22.okt., og låsing av inngangsdør til klubbhus vert gjort klar med kodelås for medlemmer i Innesvingen til veka🏌️‍♀️⛳️

Takk til alle medlemmer og gjestar for godt besøk gjennom ein fin sesong, velkommen i simulatoren i vinter både i våre kjekke sosiale turneringar og ellers, og ikkje minst; velkommen til ein ny sesong om nokre månader!🌱🏌️‍♀️⛳️🏌️‍♂️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no