Vegen til golf kurs🏌️‍♀️

Me er no klar med vårens kurs, og første kurs 4.mai er allerede fullbooka. Me har difor bestemt å arrangera eit ekstrakurs på golfbanen på Nedkvitne med start 11.mai kl.1700🏌️‍♂️

Kurset er i trygge former med grupper på 4 elevar og 1 instruktør frå klubben, og gjerne slik at ein familie er i lag i ei gruppe. Golf er for alle, frå dei yngste til langt opp i 80- og 90-åra, og sidan me spesielt ynskjer å få med dei yngste så tek me heile kostnaden for desse, og tilbyr gratis kurs for alle til og med 14 år⛳️

Gå inn og få meir informasjon på heimesida vår HER, og kontakt oss for å bli med på ein kjekk aktivitet som passar for alle!🏌️‍♀️⛳️🏌️‍♂️

Helge 27/4-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no