Klar for ny helg og Superrunden!⛳️

Ein runde rundt på golfbanen for å sjekka at alt er i rute for ei travel helg med mange gjester på banen. Frode og hans gode hjelpere står på med gjødsling og slåing av greener og fairways på ein golfbane som berre blir flottere for kvar dag som går🌱🏌️‍♀️

Ellers har reglane for turneringar blitt oppmjuka når det gjeld interne klubbturneringar, og me kan med stor glede meddela at me er klar for å setta i gang Superrunden frå onsdag 6.mai! Det er imidlertid ein del begrensningar som gjer at turneringen blir annleis enn tidligare. For meir informasjon om dette, og påmelding til Superrunden, gå inn på Golfbox HER.🏆

Så velkommen til ei strålande helg og Superrunden 2020 med desse bileta frå ein gjeng som fekk ein fin runde på vår fantastisk flotte golfbane i dag!🏌️‍♀️🏌️‍♂️

Helge 29/4-20

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no