Resultat Opnings turnering 2021

Då var årets opningsturnering gjennomført. 27 deltakarar skal ein væra nøgde med når det er ei turnering på 18 hol og berre deltakarar frå Voss Herad får være med. Det vart konkurrert i tre klassar og i klasse A for menn med hcp opp til 36 var det Carl Van den Boom som var sterkast og vann på 2 slag under sitt par. På plassane bak fulgte Rune Rogde, Ståle Øverland og Steinar Ure. Alle på par. I klasse B som er klassen for damer opp til 36 i hcp var det Ingrid Laurhammer Fagnastøl som var best. Ho gjekk på par. Kirsten Hauge Rogne fekk +1 og Ingeborg Hovland +5. I klasse C som er alle spelarar over 36 i hcp kom dagens beste score og det var Sondre Kronstad som gjekk på -10 og som no jobbar seg godt nedover i hcp. Dei tre andre som var med i denne klassen var Markus Hellesnes -4, Sondre M Hovland -2 og Tore Brunborg +17. Me takkar alle for ei kjekk turnering og ynskjer alle velkomne igjen ved eit seinare høve. Fyrste sjanse vert Superrunden no på onsdag. Framleis berre med spelarar frå Voss Herad, men me håpar det vert endringar på dette frå 18.mai.

 

Resultat klasse A

 

Resultat klasse B

 

Resultat klasse C

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no