Resultat Superrunde 5

Ny superrunde og igjen over 40 deltakarar. 42 for å være heilt eksakt. Mange fine scorar i sommarvarmen denne kvelden også. Best av alle Sondre M Hovland med -9, og med slike scorar blir han snart ikkje lenger vinnar av klasse E for no er han på veg under 36 i hcp 😉 Mattis Kaldenbach vart nr. 2 i klasse E med -1. Steinar Ure hadde dagens nest beste score på -3 og vann dermed klasse B framfor Magne Almeland på -1. Dagens tredje beste score var det Ingeborg Hovland som hadde då ho gjekk på -2 og vann dermed klasse C. Her kom Therese Grevle Lid på 2.plass. Ho gjekk på par. I klasse D vann Mikkel Sætre Svartveit på +9. I klasse A var det svært jamnt. Håkon Seim og Tore-André Skjervheim spelte begge på par, men Tore-Andre vann på litt lågare hcp. Alle scorane kan du sjå under Ein flott kveld med mange deltakarar på ein fantastisk bane. Me håpar det held fram slik og i helga er det Vossameisterskap Seimen Open med snart over 60 påmelde laurdag (her er påmeldinga stengt) og 35 påmelde søndag. Framleis mogleheit til å være med søndag og påmeldinga kan du gjere HER innan fredags ettermiddag.

 

Klasse A

 

Klasse B

 

Klasse C

 

Klasse D

 

Klasse E

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no