Open dag på simulatorane laurdag 30.oktober

Førstkommande laurdag, 30.okt. (10-17) vert det åpen dag på simulatorane, dette er eit tilbod til våre nye medlemma frå i år og ifjor,(2020).
Alle er velkomne, men dei nye medlemmane får førsteprioritet på simulator. 🙂
Klubb/Bane klinkar også til med kjempetilbod i proshop laurdag som gjeld ALLE medlemmane, det vert gitt 20 % rabatt på alt i proshop med unntak av sko her får ein 50 % rabatt. 🙂 Reine julekvelden detta, so her må ein vera om seg. 😁
Det vert enkel servering med kaffi og kanskje noko å bita i, den som kjem får sjå og smaka. 😉 🙂
Åpen dag og proshop åpner kl. 10 og held på til kl. 17-18 litt etter kor mange som kjem. 🙂
Info: ny prosjektor er montert og dette ser veldig bra ut. 🙂 Då er begge simulatorane klare for spel og booking. Lykke til. 🙂

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no