Golf Nordic Open med flotte premiar

Det nermar seg ei av vårens største turneringar på Voss Golfbaner og me vil minna dykk på påmeldingsfristen som er komande veke. Turneringa er 4.juni kl 10.00. Menn speler frå tee 58 og kvinner frå tee 46. Det blir spelt med 100% hcp, men høgaste hcp som ein kan bruke i turneringa er 36. Det betyr at alle med hcp over 36 sjølvsagt kan være med, men vil spele med hcp på 36 i turneringa. Maks score per hol er også +5 av holets par så her kan ein gjere seg bort på både eitt og to hol og alikevel være med å kjempe om sigeren 😉

Tidlegare år har dette vore ei turnering som har samla svært mange deltakarar og ofte har det vore venteliste når påmeldingsfristen nermar seg. Til no er det kun 25 påmelde så her har du verkeleg sjansen til å kunne være med på ei av dei største turneringane denne sesongen. 1.premie er eit reisegåvekort på heile 3500 som kan brukast hjå Golf Nordic. Dersom det blir svært mange deltakarar vil 1.premien bytast ut med opphald og golf på Cornelia De Lux i november. I tillegg til denne flotte førstepremien vil også klubben og Golf Nodic stille med fleire premiar i klassane samt ein closest to pin premie.

Med andre ord så er det berre å få ut fingeren og melde seg på denne turneringa. Påmeldingsfrist er onsdag 1.juni kl 1200. Og påmeldinga kan du gjere her i golfbox iva denne LENKJA.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no