Narvesen Tour

Søndag arrangerte Voss GK Narvesen Tour. Rundt 60 av den yngre garde av golfspelarar på Vestlandet var tilstades og det vart ein flott dag for borna sjølv om kanskje ikkje været til tider spelte heilt på lag.

Voss Golfklubb hadde 4 spelarar med. Sondre M.Hovland i klassen gutar 16-19 år, Ingeborg Hovland i klassen jenter 16-19 år, Mikkel Sætre Svartveit i klassen mixed 13-15 og Susanna F. Hauge i klassen mixed 6-8 år. Med fokus på meir juniorsatsing har klubben som mål at me neste år skal klare å stille 10 juniorar til denne turneringa.

Det var mange flinke og ivrige golfarar denne helga på Voss. Det er utrulig kjekt å sjå så mange unge kosa seg med golfsporten. Dersom ein skal trekka fram nokon særskild gode prestasjonar så må det nemnast at Sander Vallestad frå Sunnfjord GK og Tobias Bussesund frå Fana GK gjekk tee 52 på 71 slag. I tillegg gjekk Nikolai Eric og Marcus Audun Goosen på henholdsvis 72 og 73 slag. Imponerande scorar dette av gutane som spelte i klasse gutar 13-15 år. resultatlister for alle klassar der ein fører score kan de sjå under i lag med nokre bilete frå dagen.

Mixed 6-8 år

Mixed 9-12 år

Mixed 13-15 år

Mixed 16-19 år

Jenter 13-15 år

Jenter 13-15 år brutto

Jenter 16-19 år

Jenter 16-19 brutto

Gutar 13-15 år

Gutar 13-15 år brutto

Gutar 16-19 år

Gutar 16-19 brutto

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no