Meld deg på Superrunden!

Heile 34 deltakarar sist, men me har framleis plass til fleire. No må me ha som mål å ha over 40 spelarar på kvar av dei tre siste rundane denne sesongen. Under kan du sjå samanlagtlista etter fem rundar. Men hugs! I kvar runde er det fine premiar å vinne så om ein ikkje har vore med endå så ingen problem. Det blir spelt i 5 forskjellige klassar og med 100% hcp er det den som har dagen i gorhold til sitt handicap som ligg best kan. Her kan altså alle være med og speiselt for våre nye medlemmar og golfspelarar så anbefaler me denne turneringa. Ei fin annledning til å få repetert litt reglar i eit uformelt og godt sosialt samvære. Hugs også at dersom det regnar på Vangen eller andre stadar i heradet så er det alltid opplett på Nedkvitne 😉

Som de også vil sjå på samanlagtlista så er det uhyre jamnt i samandraget og her kan alt skje i løpet av dei tre siste rundane. Så meld deg på Superrunden no allereie i morgo. Påmelding i golfbox.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no