Fin sommaravslutning for juniorane

Juniorane har trena på torsdagar no i mai og juni. Siste torsdagen før sommarferein var me heile 12 juniorarar i alderen 5-13 år på trening. Mulig det var sjansen til å sitte på i golfbil, mens ein spelte nokre av hola på bana, som trekte mest, men alle kosa seg såg det ut som. Voss Golfklubb varta opp med golfbilar, grillmat, premiar og då sjølvsagt is til slutt.

Vanlegvis har me trena torsdagar frå kl 17-19, men til hausten prøver me å få til to treningar i veka slik at det ikkje koliderar med andre idrettar som ungane er med på. Då kan ein velja å være med på ein av dagane eller begge dagane alt etter kva ein har lyst til eller har tid til.

Dersom du er junior eller veit om nokre juniorar som har lyst å være med på trening så meld dykk inn i facebook-gruppa som heiter Voss Golfklubb JUNIOR eller ta kontakt med med Stig Anders Hauge på facebook eller på telefon 99510671.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no