Oppdatering frå Ingeborg

Hei!😊 Her kjem ei oppdatering frå meg etter eit halvt år på NTG Bergen.

Å begynne andre året på NTG har vore ein positiv opptur for meg. Her får me 6 tima meir trening i veko enn på Metis, altså 10 tima. Me har morgontrening frå 8-10 kvar dag, golf trening tre daga og styrke to.

Eg passer betre inn på NTG enn da eg gjorde på Metis, fordi her er da mykje betre tilrettelagt og profesjonelt, da føles meir ut so at eg går på toppidrett i år enn da eg gjorde i fjor.

I år har eg fått spelt fast på Srixon og vært med på både lag NM, junior NM og NM for dame.

Eg har hatt ein fin framgang detta året med beste plassering på siste turnering som var Stavanger. Er også veldig fornøgd med resultat på junior NM, NM for damer og lag NM der eg og Julie frå Sotra golfklubb kom på andre plass etter omspel om fyrste plass mot Oppegård.

Me har og vore på treningsleir med NTG Bærum til Orlando, Florida i USA frå 14-26 november. Me reiste til Oslo 23 og sov på hotell der før me reiste til Florida med mellomlanding i Sverige. Frå Sverige tok da 10 og ein halvt time med fly også satt me i buss fira tima til huset der me budde, so da var ein laaang tur men seffølgelig verdt da.

I år var da seks gutar og tre jente frå Bærum, og fira gutar og tre jenter frå NTG Bergen og Metis.

Da var lange daga kvar dag. Me begynte som oftast med trening på morgonen før lunsj og 18 hol itte lunsj. Nokon daga begynte med dagen med skule klokka 8-10 og trening/spel i 11 tide.

Dei tre fyrste dagane var me på Bishops Gate golfbane, der var det 9 hol med to forskjellig tee og to flagg på kvar green merka rødt og kvit. Rødt flagg for front nine og kvit for back.

Fyrste dagen hadde me innspel og dag 2 og 3 var det match mot golf elever frå International junior golf Academy. Her møtte me på veldig flinke elevar og fyrste match dag møtte me ei amerikansk junior meister på 16 år, eg var dessverre ikkje den heldige so fekk gå med ho den dagen men eg sto foran ho på rangen og det var kjekt å sjå drillane ho hadde på både range og ved nærspels områdane.

Bishops Gate var ein veldig fin bane der dei til og med hadde ein del alligatorar, dei var kule å sjå in real life so lenge dei var eit stykke vekke frå oss.😉

Etter Bishops gate spelte me baner som Kings Ridge GC, Falcons Fire, Highland Reserve GC, Jensen Beach og Bay Hill!

Bay Hill var ein skikkeleg fin opplevelse, det var ein knall bra bane og man kunne kjenna og sjå at detta var ein stor og profesjonell bane. Detta kan me og takka Tutta for som klarte å fiksa tee time og treningstid for oss.

Dei to siste dagane reiste me til Miami for å spela. Det var her me spelte Jensen Beach.

Denne treningsleiren var skikkeleg moro, lærerik men også slitsam! Det var kjekt å spela med flinke elever frå USA og spelarane frå Bærum. Veldig digg med varmen, kjente da var kjipt å komma heim til minusgrader🙁 Ser fram til neste treningsleir i Mars der me reise til Costa Ballena i Spania, same plass so me var ifjor.

Ynskjer alle medlemmer ei riktig god jul og godt nyttår! Ser fram til neste år, det blir bra🙂

For å sjå bilder og videoar frå Ingeborg sin tur til USA gå inn på medlemsida vår på Facebook.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no