Seimen Cup 2024

Då er det berre å få gratulert Vangarane med siger i den fyrste turneringa av Seimen Cup.

Strondé hadde jo gått hardt ut og når me såg korleis Vangarane i det heile streva md å stable på beina eit lag inn mot turneringa steig sjølvtilliten endå meir og kanskje strendingane til og med vart litt for avslappa. Endå meir sjølvsikre vart dei då det viste seg at ein av vossingane (her nemner me ikkje namn) ikkje hadde fått med seg at han var tvangspåmeldt og ikkje kom til den første parmatchen. I god sportsand lot strendingane Arne Seim spele åleine, men då det viste seg at han var Scottie Scheffler in disguise så vart det kjapt ein telefon til Gaute for å finna ut kva ein gjorde ved slike høve og eit kjærkomme poeng hamna difor hjå Strondé.

Det viste seg (dessverre) ganske fort at vossignane må ha tjuvtrent for resultatene hamna oftast i favør dei på vestsio tå Tvinnefossen. Til slutt enda det 9 1/2 – 15 1/2 i Vangarane sin favør og sidan til og med kapteinen deira hadde reist på jobb for nokre dagar sidan så var det visekaptein Even Børve som fekk lyfta det æreverdige Seimen Cup trofeet som sjølvsagt skal tilbake til Stronde i 2025 😉

Dette var ein veldig kjekk dag syns mange og i tillegg til å takke alle som var med så vil eg retta ein stor takk til alle som også var med å hjelpe til i kiosken, lage mat og andre oppgåver som gjorde dette til ein veldig flott dag 🙂

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no