Ski & Golf NM 2018

Så var Ski & Golf NM 2018 overstått, og for ei helg det vart! Knappe marginar med hensyn til nok snø i Myrkdalen, og vinterskadar på golfbanen til tross, så greide me å dra dette i land på ein måte som me berre har fått lovord for!

Først nokre bilde frå Myrkdalen, kor storslalåm renn vart avholdt i steikande sol, og +26c i skyggen. Og snøen holdt… Så vidt…

  

  

Så fortsatte det heile på golfbanen på Nedkvitne i dag, kor det på tross av ganske store skadar etter vinteren med stor suksess vart gjennomført 18 hol for samtlige 53 deltakarar i endå nokre hakk nermare trope forhold.

 

 

 

Vinnarane vart til slutt kåra, og resultatlister er lagt ut under fana Ski & Golf NM. Gratulerer, og velkommen tilbake til neste år!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no