Bemanning i klubbhuset

Då er golfsesongen i gang for alvor, og i år som i fjor så er Sverre på plass i resepsjonen frå man 4.juni, og alle kvardagar i høgsesongen. Så då er det også tid for å bestilla ein treningstime eller to for å friska opp svingen, noko du kan gjera på tlf 4000 4490, eller berre møta opp og avtala tid med han.

Dette er eit tilbud som kostar ein del, men som er ein service me bør ha til medlemmer og gjestar på banen. For at dette skal gå rundt så er me imidlertid avhengig av at våre medlemmer dekker helgene på dugnad. Vanligvis er det frå kl.1000-1700 kvar helg, og kanskje noko lenger når det er turneringar. Og me har laga ein brukermanual som bør forklara det meste, så ingen skal vera redd for at dette er for vanskelig, sjølv om du ikkje har stått der før!

Me har lagt ut nedenforståande kalender i dugnadspermen i klubbhuset, som viser alle ledige helger, om det er spesielle turneringar etc, og kor du sjølv kan skriva deg opp dei datoane du ynskjer å stå der. Alternativt kan du ta kontakt med Anna på tlf 988 44343, eller mail anngjerak@gmail.com, så fører ho deg opp i permen.

Det er veldig viktig for oss å bemanna klubbhuset alle dagar i sommar, for å sikra oss inntekter, skapa eit sosialt miljø rundt banen, og gi eit godt tilbud til både medlemmer og tilreisande, så me håpar at mange av dykk kan tenka seg å ta eit tak på klubbhuset!

Helge 28.mai 2018

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no