TV Aksjonen Golf, 6.okt.🏌️‍♀️

Gjennom heile året har me fokus på banen og våre medlemmer, men no på tampen av sesongen vil me gjerne også bidra til dei som ikkje har det like bra som oss. Me arrangerer difor i samarbeid med Odda Golfklubb og Kirkens Bymisjon den 6.oktober kl.1200 turnering og åpen dag på golfbanen, der heile overskotet går til TV aksjonen 2018.

I tillegg til turneringen så vil me ha medlemmer til stade som kan introdusere deg som aldri har prøvd golf før, og du kan også berre komma og prøva golf på eigen hånd på vår overbygde driving range, putting green, og øvrig treningsområde. Me har køller for gratis utlån på driving range🏌️‍♂️🏌️‍♀️

 

Kafeen er åpen heile dagen, så det er mulighet for å få kjøpt både mat og drikke, og overskotet også frå dette salget går til TV aksjonen🌭🍻🥪

Påmelding til turneringen er åpen i GolfBox, og me håpar både våre medlemmer og tilreisande melder seg på, og støttar ei god sak!🏌️‍♂️

Og hvis du berre vil prøva golf så er du hjerteleg velkommen til å stikka innom golfbanen på Nedkvitne når det passar 6.oktober frå kl.1200. Dei 25 kronene du betaler for ei bøtte med golfballar på driving range går rett til Kirkens Bymisjon sitt viktige arbeid!

Vel møtt!🏌️‍♂️⛳️🏌️‍♀️

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no