Tilbud om Instruksjon!

Me har inngått eit samarbeid med Fana Golfklubb om leiga av PRO – Donovan Goosen.

Han vil komma til Voss ein gong i månaden framover hausten og vinteren og tilby instruksjon i simulatorane på klubbhuset.

Følgjande datoar er satt opp så langt:

Onsdag 24. oktober (kan også bli ute dersom open Driving Range)

Onsdag 21. november

Onsdag 12. desember

Timane tilbys med 2 personar i kvar simulator til pris kr. 250/person, og varer i 50 min. Det kan anbefalast å reserve fleir dagar for å få kontinuitet i treninga og for å måla framgang.

PGA Pro Donovan Goosen er ein profesjonell instruktør med lang erfaring: 

«Treng du hjelp med slice’n din, eller vil du spare nokre slag rundt green, ta kontakt så ordner han det. Har du ein langsiktig plan å bli bedre golfer eller har du satt deg eit mål for sesongen, la Donovan hjelpe deg å nå ditt mål. Han hjelper deg å evaluere din nåsituasjon og legge ein plan for beste måte å jobbe mot målet.”

Donovan vil også kunne hjelpe til med utstyrsvalg og kølletilpasning.

Påmelding til post@vossgolf.no eller på tlf 907 73811 (Egil Østvik)

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no