Status bane, og åpning av driving range

Snøen smeltar, og under ser me akkurat det me vil sjå; Grøne greenar, som har tålt vinteren godt, og som er klare til å behandlast etter alle kunstens reglar for å vera i den stand Voss er kjent for til sesongstart om nokre veker. Dato for åpning av banen kjem me tilbake til, men slik det ser ut no, så vert mai ein månad våre medlemmer og gjester kan nyta på ein grøn og fin golfbane!🌱

På driving range er også dei siste snøflekkane på veg til å forsvinna, og me har difor bestemt oss for å åpna denne til palmehelga, dvs fredag 12.april kl.1600. Klubbhuset er frå denne dato åpna for sesongen, så de har tilgang til automat for kjøp av polettar og klippekort til driving range.🏌️‍♂️

I palmehelga planlegg me også å ha åpen kafe, slik at de kan kjøpa mat og drikke for å feira åpning av vår flotte driving range. Dei som har golfbagar i ProShop må samme dato flytta desse over i bagbodene, og betala leige for dette i kafeen, og bli ført opp for betalt leige i permen.🏌️‍♀️

Velkommen til start på sesongen 2019, med nokre bilde frå banen i dag!🏌️‍♂️⛳️🏌️‍♀️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no