Dugnad på golfbanen

Dugnad på golfbanen, tirsdag 23.april kl.1700 – 2000.

Våren er komen til Nedkvitne og det er behov for ein del arbeid på visse området for å gjere bane klar til opning.

Fylgjande arbeidsoppgåver er planlagt, så får vi sjå kor lang vi kjem.

Pumpehus må beisast.
Skog bak utslag på hol 8fjernast (motorsag + handarbeid).
Langs vegen fra klubbhuset til utslag 5 må ein del pas fjernast, (ryddesag eller ryddesaks).
Oppretting av stakar og skilt.
Skogrydding langs veg mot parkeringsplassen ved trafo-kiosk.
Skogrydding (tynning) mot Lønavatnet  langs hol 2.
Fjerna nokre stubbar som stikk opp bak green hol 6 (mot Statoil).
Gå over bruene, rep og beising.

Det er sikkert meir også, men vi startar med dette, og håpar på godt oppmøte, slik at golfbanen framstår slik me alle ynskjer den til baneåpning om forhåpentligvis ikkje så lang tid!

for banekomiteen

Torkjell Eskeland

Og sjå på denne lista; Heile 40 entusiastiske medlemmer stilte opp på dugnaden, så no fekk me gjort så mykje at me kan sjå fram til ein strålande baneåpning til helga! Tusen takk til alle som stilte opp!

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no