Åpen dag, og turnering for Barnekreft foreningen🏌️‍♀️

Så var ei ny helg over, med åpen dag på banen på dagtid, og turnering til inntekt for Barnekreft foreningen på kvelden på lørdag. På tross av til dels ruskete vær var det godt oppmøte på begge arrangement, og fleire fekk vekt interessen for golf🏌️‍♂️

Sidan turneringsavgiften gjekk til Barnekreftforeningen så var premiane begrensa, men vinnarlaget bestående av Kjetil Brusveen, Vivi Hjelset, Morten Andersen og Erik Seim stakk av med kvar sin flotte malarkost frå Johs Øvsthus Byggevare, og closest to pin vinnarane Ingunn Berge og Ingrid Fagnastøl vann kvar sin tur med den nye Voss Gondol🏆 Fullstendige resultatlister ligg som vanlig HER🥇

Og ellers, og viktigst av alt så innbrakte turneringen kr.6.400,- i turneringsavgift, og kr.3.600 frå ein eigen aksjon på vår Facebook side for dei som ikkje hadde anledning til å vera med, så då går minimum kr.10.000,- uavkorta til Barnekreftforeningen over helga. Facebook aksjonen vår er åpen til og med onsdag, så det er fremdeles mulighet til å gi til den gode saka.

Nedanfor litt stemningsbilete frå helga, og så håpar vi å sjå deg på banen i veka som kjem; For dei turneringsglade er det finale i vårens Superrunden onsdag, etterfulgt av sosial Golf Grilling Greensome turnering fredag kveld, før golfeliten i Hordaland overtar banen med Region Tour i helga. Banen er då blokkert fram til kl.1500, så det kan vera lurt for andre spelarar å bestilla i litt god tid hvis de ønskjer ein runde i løpet av i helga.

Velkommen til Voss Golf!🏌️‍♀️🏌️‍♂️⛳️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no