Grilling, Golf, Greensome🏌️‍♂️🔥

Då er me klar for turneringen Grilling, Golf, Greensome, som årlig vert lagt før Region Tour, kor mange av dei beste golfarane i vest konkurrerer🏌️‍♂️

Her har desse sin oppvarming til helgas dyst, og turneringen er åpen for alle som vil vera med. Så her har du anledning til å konkurrera både med naboen og dei beste i vest i speleforma 2 lags Greensome;

Begge slår ut sin eigen ball frå utslaget. Laget velger deretter den ballen dei ønsker å spela vidare på. Deretter slår ein annakvart slag til ballen er i holet⛳️

Etter turneringen vert det felles middag med kotelettar, pølser frå Vossakjøt, potetsalat og salat, god drikke, og sosialt samvære utover kvelden🔥🍖🍻

Påmeldingsfrist for siste turnering før sommarpausen er onsdag 26/6 kl.12. For meir informasjon og påmelding, gå inn i GolfBox HER.🏌️‍♀️

Me gler oss til å ynskja deg velkommen til Voss Golf til helga!⛳️🎉

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no