Vossa mesterskapet Seimen Open 2019

Damene først! Og for ein suksess Ladies Open og Ladies Tour på Voss har blitt, med fullbooka turnering både førstkommende lørdag og søndag!🏌️‍♀️ Dette må berre følgast opp med ein turnering ikkje berre for menn, men for alle, dog med ein litt maskulin touch over premiebordet🏌️‍♂️🏆

Me har derfor fått med oss vår gode samarbeidspartner Seimen AS til å friska opp det gode gamle Vossamesterskapet Open, helga etter Ladies Open/Tour. På søndag er det tradisjonell golfpremiering, men i parturneringen på lørdag beveger me oss litt vekk frå golfsporet, og Seimen AS sponsar oss med fantastiske premiar innanfor bygg/utstyr/hage til ein verdi av over kr 25.000!🏆

Og her er det ikkje berre dei beste som kan forsyna seg av premiebordet; Her er det også premie til sisteplass, kortaste drive, og ikkje minst; Hovedpremien vert trekt blant alle scorekort. Og; bortsett frå treff i bøtta så får begge i paret kvar sin av dei flotte premiane!👫

Premiane har følgande ca verdiar, og er også vist i bildene nedanfor:
  • 1 premie      kr 3 000 x 2
  • 2 premie      kr 1 500 x 2
  • 3 premie      kr 500 x 2
  • Sistepremie      kr 1 000 x 2

  

  • Hovudpremie, scorekort      kr 5 000 x 2
  • Tett på pinnen      kr 500 x 2
  • Longest drive      kr 250 x 2
  • Kortaste drive      kr 250 x 2
  • Treff bøtta: 10 kr pr ball      kr 1500

Dette er premiar til verdiar som langt overgår startkontingenten me reknar med å få inn, noko som sjølvsagt ikkje hadde vore mulig uten sponsing frå Seimen AS🎉

Turneringen går over 9 + 9 + 9 hol, og mat er det behov for i løpet av dagen, så me håpar samtlige deltakarar kjøper ei pakke med turneringsmat for kr 150, for «all you can eat» av god gammal vossamat. Du får då lapskaus/betasuppe e.l mellom kvar runde, og etter avslutning for dagen så inkluderer det også det du vil eta av våre gode pølser frå Vossakjøt🌭🍛

Meir informasjon om sjølve turneringen, og påmelding finn du i GolfBox HER. Antall deltakarar må begrensast til ein plass på 60-tallet, og med dei flotte premiane, låge startkontingenten og gode oddsen så kan det fort bli fullt, så spring og meld deg på med det samme! 🏃‍♂️🏌️‍♂️

Velkommen til Vossamesterskapet Seimen Open 2019!⛳️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no