Vossaseier i NSG Lagserie avd 24

Laget til Voss GK, beståande av Oddvar Nilsen, Nils B Hommedal, Ståle Øverland og Ingrid Fagnastøl, slo i går til med seier i den siste kampen mot Fana i Norsk Seniorgolf Lagserie 1.divisjon avd 24, og sikra seg dermed også førsteplass i avdelingen.

 

 

Lagserie deltakarane er imidlertid flinkare til å spela golf enn å ta bilder, så illustrasjonen til dette innlegget vert eit bilde frå åpningsturneringa i Voss Golfklubb, kor ein kan gjenkjenna fleire av dei som har vore med på lagserien frå Voss GK denne sesongen. Ut over gårsdagens deltakarar har også Finn Rasmussen, Geirr Fagnastøl, Oddvar M Jansen, Malvin Øvsthus og Kjell Georg Lund vore med på Voss sitt lag denne sesongen.

Med seier framfor Fana, Bjørnefjorden og Sotra sikra også Voss GK seg plass i den nasjonale finalen som vert avholdt i Kongsvinger Golfklubb 31.aug.-1.sept. Gratulerer med seieren i avdelingen, og lykke til i den store finalen!

Meir informasjon om NSG Lagserie med resultatlister finn de HER.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no