DUGNAD SUPERRUNDEN BELKA

DUGNAD
Me har det siste året greid å rydda mykje rundt banen, og fått mange positive tilbakemeldingar på dette frå både medlemmer og gjester! Men graset gror, og buskar og kratt gror endå meir, så me kallar difor inn til dugnad på banen torsdag 8.august kl.1700, for å i hovedsak kappa ned krattskog, og køyre dette vekk. Me håpar mange medlemmer stiller opp og tek eit tak, slik at banen viser seg frå si beste side på Ladies Weekenden me har framfor oss!
SUPERRUNDEN
Då er me klar til å køyra i gang igjen med Damedag kvar tirsdag, og Superrunden kvar onsdag frå hhv 6 og 7.august. På Superrunden så var det god oppslutning i vårsesongen, og me trur at kombinasjonen med shotgun start, og ikkje minst ein flott førstepremie trekt på scorekort bidrog til dette. Me har difor bestemt å fortsetta med begge deler i høst, og hovedpremien er no gratis opphold på golfklubbens vårtur til Gdansk, verdt kr 4.290,-. Me håpar på god oppslutning på høstens Damedag og Superrunde!
BELKA GOLF NORDIC HØSTTUR
Som de veit så vann Sverre Finne turneringen Belka Golf Nordic på Voss, og sikra seg derved plass i superfinalen, og høsttur til Cornelia Deluxe i Tyrkia. Det er fleire frå klubben som slår følge, men det er fremdeles nokre ledige plassar, så det er muligheter for andre som vil komma seg vekk frå høstmørket og ned til sol og grønne fairwayar den 9-16.november. For meir info sjekk www.belkagolfnordic.com, eller kontakt post@belkagolfnordic.com.

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no