Smalahove Golf 2019🏌️‍♀️🐑🍻

Så var smalahovegolfen 2019 avvikla, med strålande sommervær heile dagen🏌️‍♀️ Ein sosial turnering, kor resultatene kanskje ikkje er det viktigste, men spesielt dei tilreisande frå Stord gjorde det godt, og som alltid så finn de resultatlistene HER🏆 Nedanfor litt bilder frå rundt omkring på ein bane som viste seg frå si beste side, og ei sol som skein so ho var galen!🏌️‍♂️🌱☀️

Men ingen Smalahovegolf uten smalahove🏌️‍♂️🐑 Ingebjørg hadde dekka bord, og etter kvart kom smalahovebilen frå Smalahovetunet med rykande ferske smalahove til svoltne smalahovegolfarar🚚🐑 Ivrige frivillige medlemmer stod klar og tok imot, og det vart ein kjempekveld som varte langt ut i dei små timar💃🍻🕺

Takk for innsatsen i turneringen, og alle bidrag for å få ein kjekk kveld til alle som var med, og spesielt til Hallstein og Kjetil, som ofra seg så alle andre skulle få ein god fest!👍

Velkommen tilbake neste år, og nyt den flotte golfbanen vår dei siste vekene no framover! Banen har vel aldri vore i betre stand, og værmeldingen seier sol sol sol!🏌️‍♂️☀️🏌️‍♀️☀️⛳️

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no