Resultat Superrunde 8 (haust)

Årets siste superrunde på ein kvardag vart avgjort onsdags kveld. På ny veldig god deltaking med 31 spelarar. Jamnt i toppen, men det var ingen ringare enn Terje Olsen frå Haugesund GK som stakk av med sigeren på glimrande -4. Han vann då også klasse A. I klasse B var det faktisk tre som delte 1.plassen. Ove Magnar Straume, Oddvar Martin Jansen og Steinar Ure landa alle på +1. I klasse C vann Victoria Grønsleth Sibbern på +4. Veldig gledelig også denne gong at det var deltaking i klasse D. Mikkel Svartveit Sætre kom inn på +14 noko som må seiast å være godt over godkjent for ein junior. Flott spela! I klasse E var det også eit veldig bra resultat der Håvard Nedkvitne vann på -3. Me gratulerar alle vinnarar og takkar alle for godt frammøte.

Samanlagt har no Rune Rogde festa eit godt grep om samanlagt sigeren. Han leiar med 8 poeng framfor Ove Magne Straume og 10 framfor Oddvar Nilsen før siste og avgjerande runde no på laurdag. Full resultliste for både samandraget og onsdagens runde følger under.

 

Klasse A:

 

Klasse B:

 

Klasse C:

 

Klasse D:

 

Klasse E:

 

Samanlangt (topp 30):

 

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no