Siste sjanse og rekeaften!🏌️‍♀️🍤

Golfbanen vår viser seg frå si beste side om dagen, det er meldt tørt og fint vær heile veka, og me har bestemt oss for å gjera litt ekstra ut av vår avslutnings turnering «Siste Sjanse»🏌️‍♂️ Me har difor fått med oss vår gode samarbeidspartner Elkjøp Voss, som sponsar oss med ei golfklokke til kvar deltakar på seirande lag🏆⌚️, og hvis det er berre 3 på laget (som dei fleste nok er), så vert den siste trekt ut på scorekort🎰

Turneringen er ellers, som seg hør og bør for ein avslutningsturnering, av det uformelle slaget; 9 hol Texas Scramble, 3 spelarar pr lag, med påmelding enkeltvis eller som lag. Ein kjekk Speleform som passar like godt for både våre beste spelarar og for deg som akkurat har begynt med golf!🏌️‍♂️ Det vert shotgun start kl.1400🚀🏌️‍♀️

Etter turneringen, ca kl.1800 spanderer golfbanen rekebord med alt tilbehør til samtlige deltakarar, og kafeen er åpen for salg av god drikke til maten, og vidare utover kvelden!🍤🥂🍻

Påmelding er no åpen GolfBox HER, så spring til tastaturet og meld deg på med det samme! 🏃‍♀️💻 Me håpar både nye og gamle medlemmer, og våre mange gjestespelarar gjennom sesongen benytter seg av anledningen til å få ein siste turnering på ein bane som knapt nokon gong har vore i betre stand!🌱😊 Velkommen til golf på Voss!🏌️‍♀️🏔🏌️‍♂️

Voss Golfbaner
Golfparken 9
5710 Skulestadmo
Telefon: 400 04 490
post@vossgolf.no